Kart - landbruk

 Kart Finnøy foto Wikipedia.png - Klikk for stort bilete

 

Gardskart

http://gardskart.skogoglandskap.no/

Gardskart er det beste kartmaterialet for å oversikt over areal og arealinndeling på landbrukseigedomen din. Fyll inn gards- og bruksnummer på eigedomen så vil du sjå arealdata på linja under kartet.

Du kan i denne portalen også i meny til venstre sjå kartlag som viser bratt areal, dyrkbar jord, markslag og ei rekkje andre opplysningar.

 

Kilden

http://kilden.skogoglandskap.no/?X=6597663.64&Y=-21344.18&zoom=6&lang=nb&topic=arealinformasjon&bgLayer=graatone_cache

Dette kartdatasettet frå NIBIO har ei rekkje kartlag der du kan finne blant anna kva areal som er klassifisert som bratt, skogbonitet, dyrkbar jord, markslag, kulturminne og ei rekke anna informasjon om areala på eigedomen din. Du flytter på kartlaget ved å venstreklikke på kartet og zoomer deg inn ved å flytte markøren i stolpen til høgre i biletet. Dei forskjellige kartlaga (informasjonen) finn du ved å kikke på plussteiknet og krysse av i boks i vindauget til venstre for kartet.

 

Temakart Rogaland – RMP

http://www.temakart-rogaland.no/rmp

Dette kartet er til stor hjelp ved søknad om tilskot til Regionalt miljøprogram (RMP). Nede til høgre i biletet er firkantar som du bruker til å zoome inn og ut. Til venstre er firkant for å velje dei ulike tema/tiltaka. Du må kikke på det enkelte tiltak for å få det fram i kartet. Du kan også velje eit anna og meir tydeleg bakgrunnskart i firkanten under firkanten for val av tema.

 

Kulturminnesøk

https://kulturminnesok.no/

Denne kartportalen viser dei fleste freda kulturminne, men også ein del som ikkje er freda. Veit du namnet på eit spesielt kulturminne kan du søkje det opp eller du kan skrive eit stadnamn og sjå om det er registrerte kulturminne der. Meir informasjon om kulturminne får du ved å klikke på namnet til kulturminne eller den brune firkanten i høgre hjørne.

 

Naturbase

http://kart.naturbase.no/

I denne kartbasen kan du finne blant anna informasjon om areal med artar av nasjonal forvaltningsinteresse, utvalde naturtypar, eit greitt oversiktskart over kulturminne, eigedomsinformasjon og andre nyttige kartlag.

 

Artskart

https://artskart.artsdatabanken.no/FaneKart.aspx

Kartbasen er ei teneste der artsobservasjonar er lagt inn med kategorisering etter den internasjonale raudlisteskalaen. Du kan søkje kommunevis og zoome deg inn på din eigedom og sjå om det er registrert artar og m.a. kva status dei har på raudlisteskalaen.

 

Kommunen si heimeside

Du finn også andre nyttige kart på kommunen si heimeside under kartinnsyn og turkart.

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 03.01.2017
 
Login for redigering