Landbruk

Finnøy kommune har 16 bebodde øyar. Sjølv om det totale landarealet berre er 103 km2 har kommunen ei aktiv og nyskapande landbruksverksemd. Over 30 % av tomatproduksjonen i Noreg skjer i Finnøy, og kommunen er blant dei som leverer mest egg og kylling i Rogaland.

 

Bøndene er allsidige. Dei driv både med mjølkeproduksjon og ammekyr. Det er store svinebesetningar og sauehald, pelsdyroppdrett og geitehald bidreg også til eit variert og aktivt landbruk. Aukinga i talet på fruktdyrkarar viser at det også ligg til rette for frukt- og bærproduksjon i Finnøy.

 

Landbruknæringa sysselsett om lag 350 årsverk og har ei verdiskaping på 164 millionar kroner, noe som utgjer 17 % av all verdiskaping i kommunen. Finnøy er den kommunen i Rogaland med størst verdiskaping frå landbruk per innbyggjar. Over 37% av innbyggjarane i kommunen budde i 2016 på landbrukseigedom. Stor aktivitet og investeringar i nye bygg viser at det er optimisme i næringa.

 

Silke Ullrich er landbrukssjef og David Imhof er fagkonsulent landbruk i kommunen.

Dei kan du snakka med ved å kontakta sentralbordet på telefon 51 71 47 00.

Ansvarleg Linda Skartveit. Sist endra 29.01.2018
Dokument (1)
 
Login for redigering