Eigedomsskatt

Finnøy kommune har eigedomsskatt på privat eigedom, verk og bruk. Eigedomsskatten vart innført av Finnøy kommunestyre i KS-sak 068/2006. Vedtaket om eigedomsskatt her heimla i Eigedomsskattelova. Eigedomsskatten er ein viktig inntektskilde  for kommunen – for å oppretthalde gode kommunale tjenester som skule, barnehage, pleie- og omsorgstjenester og fleire andre tilbod til innbyggjarane.

Kommunestyret fastset kvart år satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det komande året. Dette vedtaket skjer i samband med handsaming av budsjett og økonomiplan.

I 2016 er eigedomsskatten vedteken utskrive med 5 promille.

 

Skatteliste, skattesetel

Kvart år vert skatteliste for eigedomsskatt i Finnøy kommune lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 1. mars. Lista er då tilgjengeleg hjå Servicetorget på rådhuset og på nettsida til Finnøy kommune. Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer, eigedomsskattetakstane, skattetaksten, og utrekna eigedomsskattebeløp.

 

Skattesetelen vert sendt ut innan 1. mars kvart år. Her finn ein informasjon om kva som ligg til grunn for utrekning av eigedomsskatten. Det beløpet som står på skattesetelen viser kor mykje eigedomsskatt som skal betalast for heile eigedomen. Fyrste gong ein mottek skattesetelen ligg det òg ved eit takstskjema som viser utrekninga av eigedomsskatten. Det er takstnemnda for eigedomsskatt som fastset eigedomsskatten.

 

Faktura

Faktura for eigedomsskatt vert sendt ut to gonger i året, mars og september. Faktura vert sendt ut saman med faktura for andre kommunale avgifter og vert bare sendt til ein eigar.

 

Faktura vert sendt ut som giro i posten. Fakturamottakar kan då gjere nytte av betalingsinformasjonen til å opprette eFaktura/Avtalegiro. Dersom du allereie har oppretta eFaktura/Avtalegiro vil du få faktura direkte i banken.

 

Viss eigedomsskatten er rekna til mindre enn 50 kroner, krev ikkje Finnøy kommune inn eigedomsskatt og det vert heller ikkje sendt faktura.

 

Eigedomsskatten skal betalast innan fristen sjølv om det er sendt inn klage.

 

Klage

Ein kan klage på skattetaksten kvart år, men ein kan ikkje klage på same grunnlag fleire gonger.

 

Klagen må vera skriftleg, grunngjeven og skal sendast til Eigedomsskattekontoret innan seks veker etter skattelistene er lagt ut, det vil seie 12. april.  

 

Klagen kan sendast på e-post: post@finnoy.kommune.no eller i posten: Eigedomsskattekontoret, Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy.

 

Har du andre spørsmål knytta til eigedomsskatt, kontakt servicetorget: 51 71 47 00 eller post@finnoy.kommune.no.

Sist endra 13.10.2016
Eksterne lenker
 
Login for redigering