Meldeplikt ved jakt

Meldeplikt ved bruk av kunstig lys ved ettersøk av påskott hjortevilt og bruk av motorbåt til å hente skadeskott sjøfugl

Melding til Finnøy kommune til vakttelefon: 902 07 291

 

Viss det er dårleg dekning kan det sendast SMS.

Innehald i SMS: søk etter påskott vilt, jegerens namn, stad, viltart

Lov om jakt og fangst (viltloven) blei endra 1. juni 2014. Det er nå tillat å bruke kunstig lys til ettersøk av påskott hjortevilt og motorbåt til å hente skadeskott sjøfugl.

Meldingsplikt

Før kunstig lys nyttast skal jegeren varsle kommune, jaktrettshavar og politi. Jegeren har bevisbyrden for at påskytinga er lovleg.

Dersom varslinga i vesentleg grad vil forsinke ettersøket kan grunngjeven melding om slik bruk av kunstig lys sendast same instansar rett etter avslutta søk.

Ved bruk av motorbåt for å hente påskott sjøfugl skal jegeren varsle kommune og politi så snart som mogleg.

 

Melding til politiet skal til vaktsentralane, ikkje 112.

 

Sjå notat frå Miljøverndept. (Lenke til høgre på nettsida.)

 

 

 

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 03.10.2014
 
Login for redigering