Ver med å rigge Nye Stavanger kommune - vi treng fleire frå Finnøy!

Gjestebud_pizza_nynorsk.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

Kan vi låne deg og venene dine?

Har du tanker om korleis vi skapar eit godt lokalsamfunn?

Du kan framleis melde deg på, sjølv om frista var satt til 16. september. Vi ønskjer fleire folk frå Finnøy.

 


- Vi er på jakt etter samfunnsengasjerte folk som har lyst til å ha såkalla gjestebod, fortel prosjektleiar Eli S. Willumsen i prosjektgruppa som jobbar med den nye kommuneplanen.

Gjestebod inneber at du inviterer eit knippe vener eller naboar heim for å snakke om tema som har med den nye kommunen å gjere.
 
– Kva fungerer bra i lokalsamfunnet i dag, og kva kan bli betre? Kva er det som skil oss, og kva har vi felles, vi som bur i dei tre kommunane i dag? Slike spørsmål vil vi gjerne ha svar på.

– Vi treng folk frå både Finnøy, Rennesøy og Stavanger, i alle aldrar og med ulike bakgrunnar og erfaringar. Målet er mellom anna å få med meiningane til folk som ikkje kjem på vanlege folkemøte. Vi vil ha så mange innspel som mogleg til den nye kommuneplanen me skal lage.

Gjestebod-vertane får i tillegg vere med på ei samling 2. oktober der ein jobbar med kva retning den nye kommunen skal gå i.
 

Er du interessert i å vere med på dette, kan du kontakta Eli S. Willumsen på 51 50 80 70 melde deg på her eller lesa meir på http://nye.stavanger.kommune.no/panel/

Ansvarleg Espen Idsøe. Sist endra 19.09.2018
 
Login for redigering