JORDSMONNKARTLEGGING I FINNØY KOMMUNE

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) vil i perioden 13. april til 9. mai utføre jordsmonnkartlegging på jordbruksareal i Finnøy kommune. Seks personar frå NIBIO vil i dette tidsrommet gå over fulldyrka og overflatedyrka mark for å kartlegge utbreiing av ulike jordtypar. Resultata skal blant anna brukast i arbeidet med kommuneplanen.

Viss nokon av grunneigarane motset seg at feltpersonell går over fulldyrka og overflatedyrka mark, må dei ta kontakt med Finnøy kommune så fort som mogleg.

NIBIO undersøker jord ved bruk av jordbor og teiknar utbreiing av dei ulike jordtypane direkte inn på kart på felt-PC. For nærmare informasjon om jordsmonnkartlegging, sjå NIBIOs sider.

Jordsmonnkartlegging er ein del av ein landsomfattende kartlegging av jordbruksareala. Målet er å skaffe kunnskap og oversikt over utbreiing av jordtypane i landbruksområda. Kartlegginga gir informasjon om jordressursen på jordbruksarealet, driftstekniske avgrensningar for jordbruksproduksjon, dreneringsforhold og tørkeutsetthet. I tillegg får man informasjon om ulike avgrensningar ved arealet: djupne til fast fjell, innhald av grovt materiale, organiske jordlag, leirinnhald, karbonatinnhald, planering eller påkjørt jord og helling.

Ansvarleg Silke Ullrich. Sist endra 16.03.2018
 
Login for redigering