Gode investeringsmoglegheiter for mjølkeprodusentar

Ruben FFM.jpg - Klikk for stort bilete Kommunen har leigd inn Finnøybu Ruben Eggebø i sommar for å gjennomføre eit prosjekt om satsing på mjølkeproduksjon i Finnøy.

Etter eit godt besøkt oppstartsmøte 15. juni er prosjektet i gong.

IMG_1157.JPG - Klikk for stort bilete

I år prioriterer Innovasjon Norge støtte til mjølkebønder med 15-30 kyr. Difor vil kommunen i sommar gjennomføre eit prosjekt: I løpet av sommarmånadane vil det bli gjennomført eit antall møte som vil vere både sosiale og faglege. Målgruppe er alle mjølkebønder i Finnøy kommune. Unge bønder som har teke over, ventar på å ta over eller berre er interesserte er ekstra velkomne til tilstelningane vi kjem til å arrangere. Det er i år ein ekstra god sjanse for investeringsstøtte, og vi håper derfor at flest mogleg er interesserte.

 

Oppstartsmøtet var fredag den 15. Juni kl. 12-14 i kommunestyresalen på rådhuset. Her fekk dei over 30 oppmøtte god informasjon om investeringsmoglegheitane, og kvifor desse er ekstra gode nå. Presentasjonane til Ruben Eggebø, Fylkesmannens landbruksavdeling v/Anfinn Rosnes og Tine Rådgjeving v/Stein Ove Nesheim finn du under "fil" i høgre marg. Har du spørsmål angåande investeringsmidla er dette eit godt høve. Ruben Eggebø, som vil ha ansvaret for prosjektet denne somaren, vil også leggje fram resultata frå undersøkinga han har gjort blant mjølkeprodusentane i Finnøy.

 

Dersom du har spørsmål om prosjektet eller vi vere med i Facebook-gruppa, ta gjerne kontakt med Ruben Eggebø på tlf (46888035) eller e-poat (Ruben.eggebo@gmail.com).

 

Ansvarleg Silke Ullrich. Sist endra 15.06.2018
 
Login for redigering