Folkemøte om bygdeutvikling og bulyst

Tid: torsdag 1. februar kl 18.00-20.00 

Stad: Biblioteket på Judaberg

 

Kva skal til for at folk skal flytte hit, kva skal til for at dei skal bli, og kva er det egentlig som kjennetegner attraktive bygder og tettstader?

I samband med kommuneplanarbeidet har me invitert Professor Dag Jørund Lønning frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling til Finnøy.
 
Møtet vil vare omlag to timar og startar med eit foredrag frå Dag Jørund Lønning, det vil bli rom for drøfting og innspel etter foredraget.

 

Bulyst - Klikk for stort bilete

 

 Professor dr.philos. Dag Jørund Lønning er rektor ved HLB. Lønning har spesialkompetanse på nyskaping som fenomen, og har fokusert spesielt på identitetsbygging/nyskaping og moglege implikasjonar og potensial for bygdesamfunn. Eit meir deltakande samfunn og lokaldemokrati har blitt eit svært viktig kunnskapsfelt for Lønning. Kunnskap om og strategiar for involvering og mobilisering er ein sentral del av dette arbeidet. Lønning har leia ei rekkje rurale stad- og næringsutviklingsprosjekt både nasjonalt og internasjonalt, i tett samarbeid med aktørar i landbruk og bygdenæringar samt lokalt og regionalt verkemiddelapparat. Fleire av desse satsingane har leidd fram til nye verksemder og breie regionale satsingsfelt. Lønning har og erfaring frå store evalueringar. Dag Jørund Lønning har dei siste åra vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

 
Alle er velkomne!
Publisert av Karin Dokken Austvik. Sist endra 09.01.2018
 
Login for redigering