Festførestilling for frivillige i Nye Stavanger

Festførestilling.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Alle som driv med frivillig arbeid i Finnøy, Rennesøy og Stavanger er hjarteleg velkomne til festførestilling onsdag 5. desember kl 19 i Kuppelhallen (det gamle konserthuset) i Stavanger.

Mange eldsjeler gjer ein uvurderleg innsats i foreiningar, lag og organisasjonar gjennom året. No inviterer ordførarane i Finnøy, Rennesøy og Stavanger alle frivillige i dei tre kommunane til ein storslått festførestilling i samband med FN sin internasjonale frivillighetsdag.

 

– Fundament for den nye kommunen
– Frivillig arbeid er eit viktig fundament for å byggje demokrati, kultur og identitet i den nye kommunen. Dei tre kommunane har allereie lange og sterke tradisjonar for frivilligheit. Med festforestillingen får vi synleggjort dette, samstundes som vi sender ein stor takk til alle som gjer ein frivillig innsats, seier varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe.

 

Program
visesanger Svein Tang Wa med band

bluegrassbandet Strengeplukk

Unge Talenter Bjegsted Jazz

Stavanger Vocalensemble

elever fra dans- og bandskolen ved Stavanger kulturskole og mange flere.

Konferansier: skodespelar og musikar Espen Hana.

Enkel servering av gløgg, pepperkakar og - så klart: tomatar

 


 

Påmelding: Festførestillinga er gratis. Kvart lag/foreining kan bestille 40 billettar kvar, og billettane vert sendt ut på e-post.

Bruk elektronisk skjema for påmelding: https://response.questback.com/stavanger/festforestilling2018

Påmeldingsfrist: Onsdag 28. november

Ansvarleg Espen Idsøe. Sist endra 05.11.2018
 
Login for redigering