Finnøy folkebibliotek – Kultur

Finnøy kommune har eit flott kulturliv, fordelt rundt om på øyane i kommunen. Det er dei sjølvstendige laga og organisasjonane som held liv i dette rike kulturlivet. Kommunen som instans bidreg med kulturmidlar og enkelte arrangement via samarbeid – både med nabokommunar og lag og organisasjonar i eigen kommune. Elles driftar kommunen biblioteket, som også har ein liten "bok i butikk”-filial på Nesheim i Sjernarøyane.

BIBLIOTEK
Velkommen til Finnøy folkebibliotek!

Eit moderne bibliotek held til i Haga Panorama, rett over vegen frå sentralskulen på Judaberg. Adresse: Hagatunet 6, 4160 Finnøy.

Opningstidene våre finn du ved å gå inn på www.ryfylkebiblioteket.no.


Utanom hovudbiblioteket har me ein filial på Sjernarøy. Denne ligg i butikken på Nesheim, og er dermed ”Bok i butikk”. Sjølvbetjent og med lange opningstider!
 

Bibliotekkatalogen ligg på nett. Via www.ryfylkebiblioteket.no kan du søkja i katalogen etter bøker, lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift.  Vil du låna e-bøker gjer du det gjennom appen e-bokbib som du må lasta ned på tlf/nettbrettet ditt.
Elles har biblioteket ei god samling med lokallitteratur, det er internett til publikumsbruk og det er aviser du kan lesa medan du vitjar biblioteket.
Er det bestemte dokument du er på jakt etter, og me ikkje har dette fysisk sjølv, så gjer me vårt beste for å skaffa dette frå eit anna bibliotek. Dette gjeld også bøker og anna materiell på andre språk enn norsk.

 

Alle kan bruka biblioteket!
Alle kan få lånekort mot å visa legitimasjon. Barn under 13 år må ha løyve frå føresette.

 

Ved for sein innlevering kan det bli sendt purring, og det kan leggjast til purregebyr ved utsendte varsel.  Erstatningskrav blir sendt om du ikkje leverer tilbake i det heile tatt.
Me har ei flott ordning som gjer at du kan levera inn lånte dokument annan stad enn du har lånt.
Det er ulik lånetid på ulike dokument. Forhøyr deg gjerne når du låner kva innleveringsfristen er for dei ulike dokumenta du har lånt.

 

Biblioteket har endra opningstid når skulen har ferie. Sjå derfor på www.ryfylkebiblioteket.no for oppdatert opningstid.
Har du merknadar til bibliotektenesta er du velkommen til å snakka med biblioteket/biblioteksjefen om det du har på hjarta!

 

KULTURMIDLAR
Finnøy kommune set kvart år av midlar i kulturbudsjettet som lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til drift og ulike tiltak. Hjå oss er dei årlege kulturmidla spesielt retta mot aktivitet, retta mot barn og unge.

 

Tilskota har som føremål å stimulera til aktivitet innan det frivillige arbeidet i ulike lag og organisasjonar. Det er utviklande at folk som bur i Finnøy skal ha eit tilbod om aktivisering av fritida si. Retningslinjene for fordeling av tilskot er då særleg retta mot den aktiviteten som blir gitt mot barn og unge i Finnøy.

 

LAG OG ORGANISASJONAR
Det rike utvalet av lag og organisasjonar som er fordelt i kommunen vår er med på å skapa levande bygder og øyar i Finnøy. Oppgåver og tiltak  blir løyst i samarbeid, noko som gjer at dugnadsånda vert halden liv i. Dette skapar gode sosiale arenaer, gir rom for kreativitet og demokratiske verdiar blir tekne vare på, noko som er viktig for å ha eit sterkt samhald i lokalsamfunna.  Livskvaliteten blir auka av slikt!

 

Finnøy folkebibliotek, Hagatunet 6, 4160 FINNØY
Biblioteksjef Merete Meling Kindingstad

tlf.: 51 71 47 73

E-post: merete.meling.kindingstad@finnoy.kommune.no

Sist endra 17.10.2017
Artikkel (1)
Eksterne lenker
 
Login for redigering