Kultur og fritid

 I Finnøy kommune finn du eit aktivt og rikhaldig tilbod tilpassa ulike interesser.

Kyrkja, religiøse organisasjonar og idretten har ein naturleg plass i kvardagen til mange av våre innbyggarar. For andre er det tilgang til urørt natur og båtliv som er viktigast. Finnøy kommune har gjennom prosjektet «Aktiv i Finnøy» gitt bidrag til at det er produsert turkart for store delar av kommunen.

 

Biblioteket er snart på flyttefot. Frå sine lokalar i det gamle meieriet skal dei i løpet av vinteren 2014/2015 til flotte nye lokalar i Haga panorama.

 

Kaihuset er både handtverksbutikk, og kafé lokalisert på den gamle ferjekaien på Judaberg. I Finnøy kommune er det ein rekke serveringsstader, og det arbeidast aktivt med å utvide tilbodet.

 

Otto-huset er kulturhuset kor det kvar sumar er salsutstilling, og fleire gonger i året vert det arrangert intimkonsert med ulike artistar.

Publisert av Beredskapsinformasjon. Sist endra 01.06.2016
Artikkel (1)
 
Login for redigering