Rehabiliteringsavdelinga - Abel-tunet

Korttids- og rehabiliteringsavdelinga er ein del av Finnøy pleie- og omsorgssenter. Det er 7 rom med eige bad og toalett. Det er fellesstove og spisestove som alle er velkomen til å bruke.

Vårt hovudmål er å skape tryggleik, tillit og trivsel for bebuar og pårørande. Dette vert gjort ved at ein har fokus på brukarmedverknad, omsorg og respekt. Vi legg til rette for at bebuarane får ein best mogleg livskvalitet, og at dei oppleve omsorg og verdighet ved livets slutt.

 

Vi legg vekt på å ha eit trygt arbeidsmiljø med gjensidig respekt ofr kvarandre som gjer grunnlag for personleg kompetanse, kvalitet og utvikling, samt tverrfagelg samarbeid.

 

Bebuarane kan nytte seg av fotpleie på huset.

 

Pårørande er velkomne heile døgnet.

 

Korttidsopphald er eit planlagt, avgrensa opphald med klar målsetning for opphaldet. Det vert avtalt antall dagar/veker ved kontakt.

 

Avlastning er eit tilbod til pårørande som har pleietrengande heime som treng avlastning. Omsorgsbehovet må være av ein slik karakter at vedkommande ikkje er i stand til å kunne bu heime åleine utan pårørande. Eit slikt tilbod kan verta innvilga når pårørande ynskjer å avvikle ferie.

 

Rulleringsopphald er et tilbod der pasienten har eit vedtak om avtalt rullerande opphald.

 

Øyeblikkelig hjelp døgnopphald kan vere aktuelt dersom det har oppstått ein akutt helsesvikt, som ikkje krev sjukehusinnlegging, men som er for omfattande for heimesjukepleie.

 

Abel-tunet - tlf. 51714755
Finnøy pleie- og omsorgssenter
Jundabergvegen 3, 4160 Finnøy


Avdelingsleiar: Bente Nordvik - tlf. 51714754
E-post: bente.nordvik@finnoy.kommune.no

 

E-post: post@finnoy.kommune.no

 

Søknadskjema kan sendast til:
Finnøy kommune
Judabergvegen 6
4160 Finnøy

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 26.09.2017
Klagerett (1)
 
Login for redigering