Institusjonskjøkken

Kjøkkenet er ansvarleg for levering av mat til Finnøy pleie- og omsorgssenter (sjukeheimen), og for produksjon av middag til heimebuande som har behov for dette. Når det er ledig kapaistet kan kjøkkenet ta på seg eksterne oppdrag.

Kjøkkenet er lokalisert i underetasjen i Finnøy pleie- og omsorgssenter. Dei kan kontaktast på telefon: 51 71 47 00 eller på e-post: post@finnoy.kommune.no

 

Målsettinga er at kjøkkenet skal laga velsmakande og næringsrik mat, og prøva å nytta lokale råvarer så mykje dei kan. Kjøkkenet skal vera med å gjera Finnøy sjukeheim til ein god heim å bu i.

 

Det aller meste av middagen vert laga frå botnen av, også rundstykke, kaker og annan kaffimat.

 

Kjøkkenet leverer også varm middag til heimebuarar etter avtale med heimesjukepleia, og spesialkost om nokon treng det. Kjøkkenet er ope måndag–fredag, slik at i helgene vert middagen varma på kvar avdeling.

 

Det vert også laga mat til møter, kurs og liknande på rådhuset.

 

På kjøkkenet er det tre tilsette og ein kokkelærling.

  • Liv Torild Landa – avdelingsleiar med ansvar for kjøkken (tlf. 404 05 067)
  • Sissel Sørestad Halsne – kokk
  • Marit Steinsvik- kjøkkenassistent
Publisert av Beredskapsinformasjon. Sist endra 03.01.2017
 
Login for redigering