Tenester i institusjon

Tenesta består av to avdelingar for langtidsopphald - Kielland-tunet og Hauge-tunet, samt 8 omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning på Regelstad-tunet.I tillegg har ein 8 omsorgsbustader utan heildøgnsbemanning på Finnson-tunet. Alle avdelingane gir tilbod til deg som måtte ha behov for tilrettelegging av daglegdagse gjeremål og tett medisinsk oppfølging.

 

Tenesta søkjer å legge til rette for trivsel og brukermedverknad, tryggleik og tillit for at alle dei som bur her skal ha best mogleg livskvalitet.

 

Tenesta legg vekt på eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse hjå dei tilsette der brukarane og deira pårørande står i fokus.

 

Tenesta har legetilsyn og arbeidsstove samt tilknyting til fysioterapeut, ergoterapeut og fotpleiar.

Alle avdelingane er søknadspliktige. Vedtak og tilbod om plass blir gjort på bakgrunn av ein samla vurdering av lege og sjukepleiarar.

Informasjon og søknadsskjema får ein ved å venda seg til Servicetorget på rådhuset tlf. 51 71 47 00.

Du kan få hjelp til å fylla ut søknaden dersom du ønsker det.

 

Kontakt: Anne Gro Sandanger tlf. 51 71 47 64

 

E-post: post@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 27.04.2017
Klagerett (1)
 
Login for redigering