Omsorgsbustader

Det er totalt 16 omsorgsbustadar i kommunen. Her bur du i din eigen leilighet med tilsyn og tenester frå heimesjukepleia i kommunen.
 
I 1. etasje ligg Finnson-tunet og i 2. etasje er Regelstad-tunet. Avdelingane har fast personale heile døgnet. I omsorgsbustaden bur du i din eigen heim og betaler husleige.  Når du bur i omsorgsbustad kjem du inn under fastlegeordninga, og du vil få enkeltvedtak på dei tenestene du har behov for. 
 

Alle bustadane har eiga stove med utgang til ein liten terrasse, soverom og bad m/ toalett. Leilegheita kan møblerast etter eige ønskje. Avdelingane har fellesstove og spisestove som alle er velkomen til å bruke. Du betalar kostpengar og får alle måltida servert om du ønskjer det. 

 

Hovudmålet er å skape tryggleik, tillit og trivsel for bebuarane og deira pårørande. Ein søkjer å legge til rette for at alle som bur her får ein best mogleg livskvalitet og eit rikt innhald i kvardagen.

 

Bustadane er lokalisert i pleie- og omsorgssentert og ein søkjer å ha et godt fagleg samarbeid med brukarane i fokus.

 

Pårørande er velkomne heile døgnet!

 

Søkjarar til denne avdelinga vil verte fagleg vurdert av lege og sjukepleiar.

 

 

Kontakt:

Regelstad-tunet: tlf. 51 71 47 53                                       Finnson-tunet: tlf: 51 71 47 68

Finnøy pleie- og omsorgssenter, Judabergvegen 3, 4160 Finnøy

 

Avdelingsleiar pleie: Anne Lise Eike - tlf. 51 71 47 52

 

Einingsleiar Tone Amdal Skartveit - tlf. 51 71 47 51
E-post: tone.amdal.skartveit@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 05.01.2017
Klagerett (1)
 
Login for redigering