Kvardagsrehabilitering

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod om intensiv kvardagstrening, tilrettelegging og støtte til meistring av daglege aktivitetar for vaksne som bur i eigen heim. Eit tverrfaglig team som består av sjukepleiar, fysioterapeut og heimetenesta tilbyr tenesta til innbyggjarar i Finnøy med redusert funksjon i eit eller fleire daglege gjeremål, og som har ynskje om å meistre kvardagen igjen.

Vi startar alltid med å spørje kva som er viktige aktivitetar den einskilte ønskjer å meistre. Til dømes kan ein oppleve at det er vanskeleg med matlaging, handling, gå i trapper, hente posten eller komme seg ut på sosiale aktivitetar. Ut frå dette set vi i kvardagsrehabiliteringsteamet opp mål saman med deltakaren. Fysioterapeut og sjukepleiar vurderer den einskilte sin funksjon og set opp ein treningsplan. Deretter vil deltakaren få trening fleire dagar i veka heime hjå seg saman med heimetrenarar som arbeidar i heimetenesta. Treninga tek sikte på å styrka fysikken, bli trygg og meistre dei daglege gjeremåla som er viktige for den einskilte. Tilbodet er tidsavgrensa og ein vil få oppfølging i fire veker.

 

Kven er kvardagsrehabilitering for?

For deg som bur heime men ikkje lenger har same funksjon som før og strevar med å meistre dagligdagse aktivitetar. Du ynskjer å gjere ein innsats for å få til det du tidligare meistra slik at du i størst mogleg grad kan klare deg sjølv i dagleglivet.

 

Er dette noko for deg?

Har du spørsmål om kvardagsrehabilitering eller ynskjer å ta imot tilbodet sjølv eller for nokon rundt deg så ta gjerne kontakt med ansvarleg fysioterapeut Siri Barkved Moe.

E-post: siri.barkved.moe@finnoy.kommune.no

Telefon: 51714769 eller 47791632

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 23.01.2018
 
Login for redigering