Kommunepsykolog

 

Psykologtilbod til barn og unge

Psykologtenesta er eit lågterskeltilbod for barn, unge og deira familiar. Gjennom tidleg inngripen ønsker kommunen å førebyggje at psykiske lidingar veks seg store. Psykologen tilbyr direkte hjelp til barnet, ungdomen og familien, men bistår også med konsultasjon og rettleiing til anna personell som arbeider med barn og unge.

 Målgruppe:

  • Barn, unge og deira familiar, som bur i Finnøy kommune.
  • Alder 0-20 år.

 

Tilbod:

Tenesta retter seg mot barn og unge med psykiske vanskar, som har trong for kortvarig, avgrensa og lavterskel psykisk helsehjelp. Tilbodet omfattar individuell samtaleterapi, familiesamtalar og foreldrerettleiing.

 

Avgrensing:

Barn som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP for oppfølging.

 

Stad:

Kommunepsykologen jobber delt mellom Rennesøy og Finnøy kommune, og er fast tilstades på Finnøy mandager og onsdager. Psykologen held til ved helsestasjonen i Rådhuset på Judaberg.

 

Pris:

Tenesta er gratis.

 

Kontakt:

Du kan sjølv fylle ut tilvisningsskjema til høgre på nettsida, eller ta kontakt via fastlege eller helsesøster.

 

Send skjemaet til:

Finnøy kommune

Kommunepsykologen

Judabergvegen 6

4160 FINNØY

 

 

Ansette:

Vikar:

Åse Brimsø

e-post: aase.brimso@finnoy.kommune.no

tlf: 488 90 103

 

Kristin Brabrand, kommunepsykolog.

e-post: kristin.brabrand@finnoy.kommune.no

tlf: 488 90 103

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 27.04.2017
 
Login for redigering