Arbeids- og aktivitetstilbud (ARAK)

ARAK - eit kommunalt arbeids- og aktivitetssenter på Reilstad, Finnøy

Arak er eit kommunalt arbeids- og aktivitetssenter for personar mellom 20 og 65 år. 5 dagar i veka er det ope for menneske som av ulike grunnar ikkje er i arbeid. Arak ynskjer å gje mulighet til dagar med eit annleis innhald. I staden for å gå einsam og bli isolert, kan me tilby gode aktiviteter, eit godt måltid, sosialt samvær og gjerne nye venner.

 

Me har aktiviteter som porselenmaling, toving, symaskinsying, akrylmaling,lage smykke,decoupage, stofftrykk og mykje meir. I verkstaden er det trearbeid og maling. Det vert laga ting på bestilling. Blant anna hagemøbler, blomsterkasser, postkassestativ og litt mekanisk.

 

Midt på dagen vert det eit godt måltid mat, der alle et saman. Det lages god, sunn mat. Enkelte råvarer og mykje urter.

 

Dersom du tenkjer på at dette er noko for deg, kan du ta kontakt med din lege, psykiatrisk sjukepleiar, helsesyster, fysioterapeut, sosialkontor og nav, så tek dei kontakt med oss. Søknadane vert handsama fortløpande.

 

Kontakt:
ARAK, Landahuset, Steinnesvåg 52, 4160 FINNØY

 

Leiar Sveinung Handeland
tlf. 51 71 26 55
E-post: sveinung.handeland@finnoy.kommune.no

 

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 27.04.2017
 
Login for redigering