Psykisk helse

Avdelinga er eit lågterskeltilbod til innbyggjarane i kommunen. Vi arbeider i forhold til menneske med lettare og meir alvorlege lidingar. Dette gjeld og menneske med rusproblematikk. Mange av desse krev oppfølging over lang tid. Vi er faste medlemmer i det kommunale psykososiale kriseteamet. Vi møter også menneskje i sorg og krise , og andre som av ulike grunnar slit med ein vanskeleg livssituasjon.

 

Personalet består av: 2 psykiatriske sjukepleiarar i 140%stilling
Kirsti Ørke: 51714798 mobil 97510872
Tone Østebø:51714703 mobil 41437469

 

Psykisk helsearbeid skal vera synleg og lett tilgjengeleg. Meir kunnskap og ei opnare haldning til psykisk sjukdom minskar fordommar og gjer det lettare å be om hjelp. Tenestenettverket er samansett av fagavdelingane i kommunen og samarbeider med fylkeskommunale tenester. Alle tenesteområda skal kunna gi rettleiing til hjelp i tenestenettverket. Barne- og ungdomstenesta kan gi råd og hjelp når det gjeld barn og unge. Samarbeidet mellom tenesteområda skal vera retta mot ressursar, funksjon og hjelpebehov hos brukar og familie.


Spesielt om psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste er ei kommunal teneste. Kontora er ved helsestasjonen i Rådhuset på Judaberg.
Du treng inga henvisning, men kan ta kontakt direkte.


Kven kan nytte seg av tilbodet?

  • menneske med psykisk liding som treng hjelp og støtte til å fungera best mogleg i heimemiljøet.
  • menneske som slit med samansett problemstilling rus/psykiatri.
  • menneske i livskrise som har behov for hjelp utover den støtte nærmiljøet kan gi.

    Tilbodet gjeld for alle aldersgrupper.

     

Kva innhold har tilbodet?

  •  støttesamtalar
  •  sosial trening
  •  nettverksarbeid
  • strukturering av kvardagen
  • administrering av medisiner
  • koordinering av individuell plan / ansvarsgrupper
  • øyeblikkeleg hjelp ved kriser
  • gruppetilbod

 

 

 

 

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 27.04.2017
 
Login for redigering