Legekontoret

Fastlegar på Finnøy Legekontor:

Eivind Vestbø
Anita Fjukmoen
Morten Hovdet
Turnuslege, som skiftar kvart halvår

 

Timebestilling på internett

Du kan sjølv bestilla legetime på internett.

Trykk på denne lenka, eller trykk på timebestilling i menyen til høgre.

 

Timebestilling tlf. 51 71 42 00
Det er timebestilling for alle konsultasjonar med lege. Vanleg time kan tingast utan å oppgi grunnen til at du ønsker time. Men det kan vera greit for legen å vite kvifor du kjem.
For skifting på sår, fjerning av sting, influensavaksinering, kontroll av blod- og urinprøvar (etter avtale med lege) er det ikkje nødvendeg å bestille time.

 

Telefonkonsultasjonar. Vi tek i mot telefonkonsultasjonar  som gjeld  enkle avklaringar og førespurnader som kan gjerast på få minutt. Du tek kontakt med legekontoret, og om ikkje sjukepleiarane kan gje svar, ringjer legen deg opp att mellom  kl.15.00 og 16.00.  Du tingar deg time dersom du har behov utover dette.

 

Elektronisk konsultasjon. Du kan kontakte legen på sikker måte ved innlogging  via lenke til besøklegen.no. Enkle henvendingar og spørsmål som kan avklarast elektronisk egnar seg for elektronisk konsultasjon. Forventa svartid: innan 3-5 dagar.

 

Akutt sjukdom og skader
Dersom du sjølv meiner at du har akutt sjukdom eller skade, kan du sjølv ikkje velja lege, men vil bli tatt imot  som øyeblikkeleg hjelp, og så fort som situasjonen tilseier det.


 

Legevakt - tlf. 116117

Legevakta utanom kontortid er interkommunal, og er for akutte tilstandar som ikkje kan vente til neste dag  i vanleg kontortid. Legen har heimevakt, og vil ta kontakt for å avtale møtestad for konsultasjon. Når pasienten sin tilstand er slik at han/ho ikkje kan transporterast til legen, reiser legen i heimebesøk . Henting med ambulanse vil vere aktuelt i ein del tilfelle. Legevaktnr. 116117 er gratis, og set deg alltid i kontakt med næraste legevakt. Nr. 51 51 02 02 går alltid til legevakta Finnøy er knytt til.

 

Helse/medisinsk nødnummer 113                                                

Dersom du trur at det kan stå om liv, RING  113. Då vil du få all den hjelp du treng av både ambulanse og lege.

 

Prisar
Takstane følgjer til ei kvar tid gjeldande avtale mellom Legeforeninga og styresmaktene.  Nærare opplysingar om takstane kan du få på legekontoret eller via følgande lenke til fastlegen.no. Følgande inngår ikkje i frikortbeløpet/dekkast ikkje av frikort: Ekspedering av henvisning, brev og liknande kostar 59 kroner. Uteblitt time utan å melde frå seinast dagen før kostar 143 kroner. Frikortbeløpet endrar seg frå år til år. Du får automatisk frikort i posten når dette beløpet er nådd. Hugs å gi beskjed når du har fått frikort.

 

Om fastlegeordninga og felles arbeidsliste
Alle som brukar legekontoret som sitt legekontor, må velgja fastlege ved kontoret. Spesielt for Finnøy er at vi har " felles arbeidsliste". For den einskilde tyder dette at det er fritt legevalg mellom legane på Finnøy legekontor frå konsultasjon til konsultasjon, same kven som er fastlegen din. Men dersom du er kronisk sjuk og treng oppfylgjing over tid, ser vi gjerne at du velgjer fastlege, den legen som  du vil skal fylgja deg opp. For å skaffe deg/bytte fastlege ringer du 810 59 500, eller gå inn på helfo.no.

 

Sjukmeldingar
Ved kortvarig sjukdom må du nytte eigenmelding. Alle som trur dei treng ny sjukmelding eller fornying, må møte på kontoret. Sjukemeldingar kan ikkje tilbakedaterast, med mindre du har vore i kontakt med legekontoret frå første sjukedag.

 

Reseptar
Ingen kan få nye medisinar utan at dei går til kontrollar på legekontoret. Skal du fornya resepten er det greitt å gjera det ved kontrollane. Men treng du ikkje ny legetime når du treng ny resept, då er det greitt at du ringer eller bestiller elektronisk til fastlegen. Lenke til medisinbestilling. For oversikt over medisinar og gyldige reseptar logg inn på Mine resepter på helsenorge.no. Du kan forvente at resepten er godkjent innan 3 virkedagar.

 

Apotek
Pr i dag blir all reseptbestilling gjort som e-resept. Det vil sei at du ringer og bestiller som nemnt i forrige avsnitt og deretter behandler fastlegen resepten og du må sjølv ringja til et apotek som du vil medisinen skal sendes ifrå, eller om du reiser til et apotek – dette gjeld heile landet - og henter ut din medisin.  

 

Ryfylke apotek på Rennesøy sender til COOP på Judaberg og pr post.       

 

Vaksinasjon.

Ved behov for reisevaksine kan du kontakte legekontoret. Viss du vil finne ut kva vaksiner du har kan du logge deg inn på Mine vaksiner via helsenorge.no.

 

Pasientreiser
All refusjon av transportkostnader til og frå legekontoret er nå sentralisert til pasientreiser.

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 15.06.2017
 
Login for redigering