Koordinerande eining

Kommunen er pålagt å ha ei eining som koordinerer tenestane. Den koordinerande eininga skal samordna kommunale tenestar og samarbeida med andre etatar og eksterne tenestar for å sikre heilhet og samanheng i tilbodet til tenestemottakar.

Koordinerande eining skal behandla spørsmål om rehabilitering/habilitering, søknader om individuell plan og oppnevna individuelle koordinatorar.

 

Kravet om koordinerande eining finn du i Forskrift om habilitering og rehabilitering

 

Dersom du har behov for ein Individuell plan kan du kontakte dei i kommunen du mottek tenestar frå. Les meir om individuell plan og finn søknadsskjema i høyre margen på nettsida.

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 16.04.2019
 
Login for redigering