Skulehelsetenesta

Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal i tverrfagleg samarbeid bidra til å skape eit godt oppvekst-, lærings- og utviklingsmiljø for barn og ungdom.

Skulen er ein viktig arena for førebyggjande og helsefremjande arbeid. Skulehelsetenesta skal bidra til tryggleik og trivsel i elevane sin kvardag. I skulehelsetenesta gir ein støttesamtalar med barn og foreldre, oppfølging av vekst og utvikling, vaksinering og helserettleiing i grupper.

Helsesøster skal arbeide helsefremjande og førebyggande i forhold til elevane sin trivsel, tryggleik og helse, .

  • Faste konsultasjonar
  • Oppfølging av barnevaksinasjonsprogrammet
  • Helseundersøking ved behov
  • Oppfølging av barn med spesielle behov
  • Foreldrerettleiing
  • Helseopplysning i grupper og klassar
  • Syns- og hørselsundersøking ved behov

Program for helserettleiing, opplysning, undersøking og vaksinasjonar ligg vedlagt på høgre side som vedlegg.

På Sentralskulen klassetrinn 4-10 kan helsesøster treffast kvar mandag i skuleåret på grupperom 126. Helsesøster er på Fogn oppvekstsenter, Ombo oppvekstsenter og Sjernarøy oppvekstsenter ein onsdag pr månad.

 

Helsesøster i skulehelsetenesta er Magretha Kjølvik Berge, telefon: 404 13 274.

Publisert av Beredskapsinformasjon. Sist endra 27.04.2017
 
Login for redigering