Fysioterapi

Tenesta har følgjande oppgåver: Fremje helse og førebygge sjukdom og  skade, diagnose og behandling. Medisinsk habilitering og rehabilitering.  Gruppeterapi der det er mogleg . Finnøy kommune har 1 stilling  i 100% kommunal fysioterapeut og 1 stilling  i 100 % privat med driftstilskott

Fysioterapi avdelinga har lokaler i den gamle legebustaden på Finnøy.

I hovudtrekk driv fysioterapeutane med oppgåver innanfor:
-førebyggande og helsefremmande arbeid
-undersøking og behandling
-habilitering og rehabilitering

Eksempel på førebyggjande/helsefremjande arbeid er, ergonomisk rådgjeving og rådgjeving om trening både individuelt og i grupper.

Undersøking og behandling skjer hovudsakleg poliklinisk etter rekvisisjon frå lege/spesialist eller du kan ta direkte kontakt med fysioterapeut. Dei fleste må betale ein eigenandel for kvar behandling. Beløpet er avhengig av behandlingsform og behandlingstid etter Trygdeetatens regelverk (Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi).

Ein del brukarar har krav på fri behandling. Dette gjeld barn under 16 og personar som blir behandla for godkjende yrkesskadar. Ved behandling hjå fysioterapeut gjeld ei anna frikortordning, såkalla eigenandelstak 2. Du kan lese meir om dette på nettsida til HELFO.

Vi utfører også tenester andre stader i kommunene, til dømes:
-Sjukeheim
-Barnehagar og skular
-Heime hos brukarar
Dette gjeld ofte habiliterings- og rehabiliteringsarbeid.

Dersom du har behov for fysioterapi kan du ta kontakt med oss helst på måndagar og onsdagar. Ventetida kan variere. I enkelte periodar har vi mest ikkje ventetid, men i tider med stor pågang kan dessverre ventetida vere opptil nokre månader. Enkelte pasientgrupper blir prioritert, avhengig av diagnosen.

 

Kven er vi?
Rawaz Aziz
Kommunefysioterapeut
tlf 51 71 47 49
mobil 47 79 80 65
E-post: rawaz.aziz@finnoy.kommune.no

 

Marianne Zweering
Privat fysioterapeut med driftstilskudd
tlf 51 71 47 13
mobil 40 40 76 05
E-post: maz@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 11.06.2018
Eksterne lenker
 
Login for redigering