Folkehelse

Folkehelse er befolkninga si helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i ei befolkning. Folkehelsearbeid prøver å svekka det som medfører helserisiko, og styrke det som bidreg til betre helse. Litt enklare sagt er folkehelsearbeid den innsatsen vi alle gjer i lag, for at kvar og ein av oss skal ha ei god helse – både fysisk og psykisk.

Finnøy har sidan 2013 hatt eigen folkehelsekoordinator. Folkehelsekoordinatoren jobbar i lag med ulike fagpersonar med å tilrettelegga for ei god folkehelse jamt fordelt blant heile befolkninga i Finnøy kommune. Faktorar som påverkar folkehelsa er mange: til dømes trygge gang- og sykkelvegar, reint drikkevatn, trivsel på skule og jobb, fritidstilbod og tilrettelegging for at alle kan vera fysisk aktive.

 

Målet for folkehelsearbeidet er å leggja til rette for flest moglege leveår med god helse og å utjamna "sosiale helseforskjellar". Dagens «folkesjukdomar» er psykiske lidingar og ikkje-smittsome sjukdomar som bl.a. heng saman med levevanar. Me har alle eit ansvar for å utvikla eit samfunn som fremjar helse, og  kvar einskild har eit ansvar for eigen helse. For å nå målet om betre folkehelse, må vi alle bidra; den einskilde finnøybu, friviljuge organisasjonar, næringsliv og kommunale verksemder. Ei investering i førebyggjande og helsefremjande tiltak vil slik kunne hindra større helsemessige og økonomiske belastningar i framtida.

 

Har du idear som kan bidra til at du og andre i kommunen lettare kan ta dette ansvaret, så ta gjerne kontakt med folkehelsekoordinator Liv Drange Bråthen på mob.: 474 57 544/51 71 47 72 eller på mail: liv.drange.brathen@finnoy.kommune.no. Folkehelsekoordinatoren har sitt kontor i rådhuset på Judaberg.

 

Lov om folkehelse frå 2012 skal sørgje for at kommunane jobbar meir helsefremjande, samarbeider mellom ulike sektorar og til ei kvar tid har oversikt over helsetilstanda i befolkninga. I folkehelselova står det mellom anna at kommunane skal gjennomføra ei kartlegging av helsetilstanden, med positive og negative faktorar som virkar inn på helsa. Deretter skal det iverksetjast nødvendige tiltak for å møta kommunen sine folkehelseutfordringar.

 

Kartlegginga (sjå lenkje i høgre marg) beskriv samanheng mellom helse og bakanforliggande faktorar, og oppsumerar befolkninga sin helsetilstand. Vidare står det litt om folkehelsearbeid i kommunen, og kva folkehelse-utfordringar kommunen står overfor. Innsatsområde for kommunen sitt folkehelsearbeid er:

  1. Vurdera helse- og trivselskonsekvensar av politiske vedtak.
  2. Motverka sosiale ulikskapar i helse
  3. Sørgja for betre koordinering, oversikt og samhandling i kommunens folkehelsearbeid
  4. Styrka den psykiske helsa i alle aldersgrupper
  5. Oppdaga barn og unge som er utsatt for belastningar og setja inn hjelpetiltak tidleg
  6. Støtte ungdom og unge vaksne til å fullføra skule/utdanning og å få ein jobb
  7. Bidra til helsefremmande levevanar
  8. Styrkja integrering av våre framandspråklige innbyggjarar
Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 09.10.2018
 
Login for redigering