Ergoterapi

Ergoterapitenesta driv med eit  førebyggjande og rehabiliterande  arbeid. Dvs.  fysisk tilrettelegging  i brukaren sine omgjevnadar, rådgjeving ved bustadendring  for funksjonshemma, rehabilitering av overkropp, hand og arm og  trening i daglege aktivitetar

Utviklinga går mot kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi. Det vil seie  at innbyggjarane skal trenast i å klare seg sjølv lenger og det skal leggjast til rette  slik at dette blir mogleg. God førebygging og tidlig rehabilitering gjer at brukarane  kan klara seg med eit lågare hjelpenivå eller inga hjelp.

Ergoterapi er ein profesjon som arbeider med å fremje helse og velvære gjennom aktivitet. Overordna mål i ergoterapi er å gjera deltaking i kvardagslivet sine aktiviteter mulig for alle menneske. Ergoterapeuter støttar opp om dette ved å gjere det mulig for menneske å bruke eller utvikle sine evner, ferdigheiter og funksjonar, gjennom tilrettelegging.

 

Ergoterapeutar arbeider med menneske gjennom heile livsløpet i forhold til leik, læring, arbeid og omsorgsaktivitetar. Med aktivitet som utgangspunkt jobber ergoterapeuten helsefremjande, forebyggjande og rehabiliterande.

 

Ergoterapi tar utgangpunkt i menneska sin egen deltaking, egne ønsker og preferanser. Ergoterapeuten vurderer menneska sin funksjonsevne, og utredar hva som trengs av trening, tilrettelegging og/eller hjelpemidlar, for at den enkelte skal kunne delta i kvardagslivet sine aktivitetar.

 

Ergoterapeuten i Finnøy kommune er også syns- og hørselskontakt.

 

Ergoterapitjenesta tilbyr gratis tenester til alle innbyggjarane i kommunen.

 

Finnøy kommune har ein ergoterapeut i 60 % stilling, og deler lokale med fysioterapeutene i kjellaren i den gamle legebustaden ovafor ferjekaien.

 

Ergoterapeut Randi Østerhus
Finnøy rådhus
4160 Finnøy

Tlf.: 51 71 47 18
Mob.: 415 73 499

E-post: ran@finnoy.kommune.no


Tilgjengelig tirsdag, torsdag og fredag.

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 13.01.2017
 
Login for redigering