Hjelpemiddellager


Kommunalt hjelpemiddellager låner ut enkle hjelpemiddel til privatpersonar som bur eller har midlertidig opphald i Finnøy kommune. Typiske hjelpemiddel for korttidslån kan vere:
Toalettforhøyar, rullator, transportrullestol, gripetang, krykker osv.

Du kan som regel låne kommunale hjelpemiddel inntil 3 mnd. Har du behov for å låne lenger enn det, bør dette avtales med lageret undervegs.

Det vert ikkje lånt ut  til institusjonar eller til pasientar som bur i institusjon.
Personar som har eigne leilegheiter har rett til utlån.

 

 

Kvar finn du oss?
Post- og besøksadresse:
Hjelpemiddellager, Finnøy Pleie- og omsorgssenter
Judabergvegen 3, 4160 Finnøy

 

Opningstider
Alle kvardagar.

 

Kontakt ARAK på e-post arak@finnoy.kommune.no eller på tlf. 474 83 897 mellom kl. 0800 og 1500.

 

Ved akutt behov som ikkje kan vente til neste opningsdag, ta kontakt med heimesjukepleia tlf. 51 71 47 54/404 07 614.


Kva kostar det?
Dei fleste hjelpemidla kan du låne gratis. Enkelte hjelpemiddel fordrar eit depositum der du vil få tilbake delar av beløpet når hjelpemiddelet vert returnert..


Retur av kommunale hjelpemiddel
Alt returnert utstyr skal vaskast, klargjerast og vedlikehaldast før det vert lånt 
ut til nye brukara.


Kva gjer du dersom du lurer på noko i samband med hjelpemiddelet?
Ring til heimesjukelpleia tlf. 51 71 47 54

 

 

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 21.04.2017
 
Login for redigering