Heimehjelp

Hjelp til sjølvhjelp.

Hovudtanken med heimehjelp er å gi ”Hjelp til sjølvhjelp”. Det vil seia at me i det daglige arbeidet vårt legg vekt på:

  • Å skape tryggleik for at alle skal få høve til å bu heime så lenge som mogleg.
  • At heimehjelp blir tildelt etter den einskildes behov uavhengig av kor du bur i kommunen.
  • Å gjera arbeidet saman med deg.

Heimehjelpa sine oppgåver kan væra:

  • Reingjering av dei romma som du brukar daglig.
  • Enkel matlaging etter individuell brukaravtale. Dersom mulig få levert mat frå sjukeheimen / eldresenter.
  • Vask av klede i vaskemaskin eller lettare handvask.
  • Brukar kan få hjelp til å bestilla varer som butikken køyrer heim.
  • Ev. at heimehjelpa handlar der familien eller butikken ikkje køyrer varer.
  • Vask av vindauga ca. 2 gonger i året i rom som er i daglig bruk.
  • Reingjøring av kjøleskap ev., fryseboks, komfyr 2 gonger i året.
  • Personleg hygiene.

 

Me gir ikkje hjelp til:

  • Stryking av sengetøy og store dukar.
  • Storreingjering.
  • Reingjering eller rydding av rom som ikkje er i bruk.
  • Rydda og vaska opp etter besøkande..
  • Vask av vindauge frå stige.
  • Hagearbeid.

 

Korleis søker du om heimehjelp:

Du tar kontakt med servicetorget i Finnøy Kommune, tlf. 51 71 47 00. Dei vil formidla kontakt med Tone A. Skartveit, einingsleiar PLO. Du må fylle ut eit søknadsskjema som du finn på heimesidene til kommunen.

 

Kontakt kan også skje gjennom familie, lege eller anna helse og sosialpersonell dersom du gjev samtykke til dette.

 

 

 

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 03.01.2017
Klagerett (1)
 
Login for redigering