Folkehelse

Folkehelse er befolkninga si helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i ei befolkning. Folkehelsearbeid inneber å svekka faktorar som medfører helserisiko, og styrke faktorar som bidreg til betre helse – både fysisk og psykisk helse.

 

Litt enklare sagt er folkehelsearbeid den innsatsen vi alle gjer ilag, for at kvar og ein av oss skal ha ei god helse – både fysisk og psykisk.

Folkehelsekoordinatoren jobbar ilag med ulike fagpersonar i kommunal sektor med å tilrettelegga for ei god folkehelse jamt fordelt blant heile befolkninga i Finnøy kommune. Faktorar som påverkar folkehelsa er mange, nokre få døme kan vera trygge gang- og sykkelvegar, reint drikkevatn, trivsel på skule og jobb, fritidstilbod og tilrettelegging for at befolkninga kan vera fysisk aktive.

I januar 2012 kom Lov om folkehelse som ilag med Samhandlingsreforma skal sørgje for at kommunane jobbar meir helsefremmande, samarbeider mellom ulike sektorar og til ei kvar tid har løpande oversikt over helsetilstanda i befolkninga. I folkehelselova står det mellom anna at kommunane skal gjennomføra ei kartlegging av helsetilstanden, med positive og negative faktorar som virkar inn på denne. Deretter skal det iverksetjast nødvendige tiltak for å møta kommunen sine folkehelseutfordringar.

Men sjølv om folkehelse er ei samfunnsoppgåve, kjem ein ikkje ifrå at vi alle har ansvar for vår eiga helse. Har du idear som kan bidra til at du og andre i kommunen lettare kan ta dette ansvaret, så ta gjerne kontakt med folkehelsekoordinator Oddny Kjølvik på mob.: 996 38 687/51 71 47 42 eller på mail: odk@finnoy.kommune.no

Folkehelsekoordinatoren har sitt kontor i rådhuset på Judaberg.

Finnøy har sidan 2013 hatt eigen folkehelsekoordinator. Målet for folkehelsearbeidet er å leggja til rette for flest moglege leveår med god helse og å utjamna sosiale helseforskjellar. Medan sjukdomsbiletet for hundre år sidan var dominert av infeksjonssykdomar, er dagens «epidemiar» psykiske lidingar og ikkje-smittsome sjukdomar som bl.a. heng saman med levevanar. Me har alle eit ansvar for å utvikla eit samfunn som fremjar helse, og  kvar einskild har eit ansvar for eigen helse. For å nå målet om betre folkehelse, må vi alle bidra; den einskilde finnøybu, friviljuge organisasjonar, næringsliv og kommunale verksemder. Ei investering i førebyggjande og helsefremjande tiltak vil slik kunne hindra større helsemessige og økonomiske belastningar i framtida.

Kartlegginga beskriv samanheng mellom helse og bakanforliggande faktorar, og oppsumerar befolkningas helsetilstand. Vidare beskrives litt om kva folkehelsearbeid som gjeres i kommunen, og kva folkehelse-utfordringar kommunen står overfor. Innsatsområde for kommunen sitt folkehelsearbeid er:

  1. Kommunen bør vurdera helse- og trivselskonsekvensar som følgje av alle politiske vedtak.
  2. Motverka sosiale ulikskapar i helse
  3. Sørgja for betre koordinering, oversikt og samhandling i kommunens folkehelsearbeid
  4. Styrka den psykiske helsa i alle aldersgrupper av befolkningen
  5. Oppdaga barn og unge som er utsatt for belastningar og setja inn hjelpetiltak tidleg
  6. Støtte ungdom og unge vaksne til å fullføra skole/utdanning og å få ein jobb
  7. Bidra til helsefremmande levevanar
  8. Styrkja integrering av våre nye framandspråklige landsmenn
Sist endra 14.12.2016 10:49
 
Login for redigering