Barneverntenesta

Barnevernsartikkelbilde - Klikk for stort bilete Barneverntenesta har som mål å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade barnet si helse eller utvikling, får rett hjelp til rett tid. Barnevernet skal bidra til at barn og unge får ein trygg oppvekst. Målgruppa til barneverntenesta er barn og unge i kommunen under 18 år. 

Kva kan barneverntenesta hjelpe til med?

* Gi råd om barn, økonomi, fritid m.m.

* Tilvise til anna hjelp; barne- og ungdomspsykiatrien, basissenteret, familierådgivingskontoret m.m.

* Skaffe besøkheim eller støttekontakt

* Tilrå plass i barnehage eller skulefritidsordning

* Gi støtte til fritidsaktivitetar og ferietiltak

* Gi økonomisk støtte

* Rettleie om foreldrerolla

* Gi kortare eller lengre opphald på institusjon eller i fosterheim

* Adopsjon

 

Når bør du ta kontakt med barnevernet?

* Når du ser at eit barn ikkje får dekka grunnleggande behov for omsorg, tryggleik, mat og stell

* Når du ser at eit barn er utan tilsyn av vaksne og verkar skremt og engsteleg

* Når du har mistanke om at et barn blir utsett for fysisk/psykisk mishandling eller seksuelle overgrep

* Når du er bekymra for at foreldre har store rusproblem

* Når du er bekymra for at foreldre har store psykiske problem

* Når du som foreldre er sterkt bekymra for barnet ditt/ungdommen din

 

Korleis tar du kontakt med barnevernet?

* Du kan skrive til oss - med namn eller vere anonym

* Du kan ringe til oss - med namn eller vere anonym

* Du kan ta kontakt for å avtale eit møte med oss

 

Greitt å vite:

* Du kan alltid drøfte saker med barnevernet anonymt

* Barnevernet er avhengig av bekymringsmeldingar utanfrå for å kunne hjelpe barn som har det vanskeleg

* Dei fleste av barnevernet sine hjelpetiltak er frivillige tiltak i heimen

* Omsynet til barnet sitt beste skal vege tyngst

 

Kontaktinformasjon:

Barneverntenesta for Finnøy, Rennesøy og Randaberg er lokalisert vis-a-vis Randaberg kyrkje, med besøksadresse Torvmyrveien 4D. Postadressa er Randaberg kommune, Barnevern, Postboks 401, 4096 Randaberg.

For meir informasjon om barneverntenesta i Randaberg kommune.

 

Kontakt:
Tlf. 51 41 41 00
Faks: 51 41 42 19

 

Barnevernleiar:
Tone Hilde Birkelund
Tlf. 996 29 225
post@randaberg.kommune.no


Kontakt utanom kontortid: Barnevernvakta ved Stavanger politistasjon, tlf. 51 89 91 67 eller 02800.

 
 

 

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 14.12.2016
 
Login for redigering