Tverrfagleg team

Me er eit team med kommunalt tilsette med ulik bakgrunn. Me vil bidra til at barn skal ha det godt i Finnøy kommune! Me ynskjer å vera ein ressurs innanfor oppvekstmiljøet til barn og unge i vårt miljø.

Teamet har teieplikt. Teamet kan vera med å diskutera problemstillingar som du ynskjer å ta opp, anten konkrete eller på eit generelt plan.

Kva problemstillingar kan vera aktuelle?

  • Mobbeproblematikk.
  • Bekymringar for barn og unge i nærmiljøet.
  • Idear for å utvikla / betra barn og unge sitt oppvekstmiljø.
  • Utfordringar for barn og unge / pårørande ved sjukdom/samlivsbrot i familien.

Kven kan ta kontakt med teamet?

  • Foreldre / familie
  • Naboar / vener
  • Barn / ungdom
  • Lærarar
  • Barnehagepersonell
  • Politi
  • Tillitsvalde i organisasjonar
  • Andre som er i kontakt med barn og ungdom.

Korleis ta kontakt?
Du kan ta kontakt med leiar eller medlemer i teamet. Dersom du sjølv ikkje ynskjer å møta, kan den personen du har teke kontakt med, leggja fram problemstillinga .Gruppa kan utvidast eller stilla med færre personar etter ynskje.

Møteplan for 2016/2017:
7. november, 6. februar, 3. april.

Dersom du ynskjer å ta opp noko, må saka leggjast fram for leiar seinast ei veke før møtet.

Medlemmar i Finnøy sitt Tverrfagleg team:
Leiar og helsesøster: Margretha Kjølvik Berge      51 71 47 50/51 71 47 47
Kommunepsykolog: Åse Brimsø 488 90 103
Barnevernet: Ronny Hansen 924 50 841
Styrar Hagatoppen barnehage: Ellen Gudmestad Gard 51 71 41 40 / 51 71 41 49
Rektor Finnøy sentralskule: Bente Tjelta 51 71 41 02
PPT Midt-Ryfylke: Marie Kyle Frogner   51 74 31 00

 

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 10.02.2017
Eksterne lenker
 
Login for redigering