Omsorgsløn

Kva er omsorgsløn?

 

Omsorgsløn er ei godtgjøring som skal sørge for at du som utfører omsorgsoppgåver privat skal kunne fortsette med omsorgsarbeidet. Ingen har individuell rett til omsorgsløn. Det blir gjort ein heilheitsvurdering der omsorgsløna blir sett i samanheng med andre tenester. Den som mottar omsorga skal i liten eller ingen grad nyttiggjøre seg anna form for hjelp eller fast avlastning. 

 

Kven kan søke om omsorgsløn?

  • Du som har ein særleg tyngande omsorgssituasjon.
  • Din omsorg vurderast av kommunen som best og nødvendig for den som trenger omsorga.
  • Du har omsorg ut over normal omsorgsplikt for barn under 18 år.
  • Du eller personen du gir omsorg til har søkt om hjelpestønad frå NAV.
  • Du bor eller oppheld deg i Finnøy kommune.

 

Godtgjersla:

  • Reknast etter faste kommunale satsar.
  • Størrelsa avheng av omsorgssituasjonen og av hjelpestønaden frå NAV.
  • Utbetalast månadleg og er ei skattepliktig inntekt.
  • Kommunen vil vurdere om det kan settast inn andre tiltak for å avlaste deg som omsorgsgjevar. Du får derfor godtgjøring for ei tidsavgrensa periode.
  • Sjølv om du får omsorgsløn, er du ikkje kommunal arbeidstaker. Du har ikkje rett på feriepengar eller sjukepengar.
  • Dersom du mottar ytelser fra NAV må du informere om at du mottar omsorgsløn frå kommunen.
  • Omsorgsløn er ikkje ein del av folketrygda.

Dersom du har behov for omsorgsløn, kan du søke Finnøy kommunen om det. Sjå søknadsskjema i høgre marg.

Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 03.01.2017
 
Login for redigering