Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personlig assistanse er ei alternativ organisering av praktisk personleg hjelp til personar med store og samansette behov. Bistanden kan ytast både i og utanfor heimen. Ordninga fungerer slik at tenestemottakaren (brukaren) sjølv organiserer arbeidet til dei som yter bistand (assistenten). Det betyr at brukaren bestemmer både kva dei skal gjera og når dei skal gjera det.

 

Tilbod blir gitt etter søknad. Søknadsskjema ligg på heimesida. Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden dersom du ønskjer det. Ta då kontakt med heimetenesta. Det betales ikkje eigenandel for denne tenesta. Men dersom assistenten også utfører praktisk bistand (reingjering og liknande) eller andre tenester som det vanlegvis betalast for, kan det krevjast eigenandel for desse tenestene.

 

Tenestemottakaren, alternativt ein pårørande eller ein annan person, fungerer som arbeidsleiar. Kommunen kan gi opplæring i rollen som arbeidsleiar. Assistenten kan vera tilsett i kommunen eller av brukaren sjølv. Det er kommunen som bestemmer kvar assistenten skal vera tilsett.

 

Søknadsfrist: Fortløpande
Organisasjon: Heimetenesta

 

Opningstid: kl. 07.30 - 15.00

 
Finnøy pleie- og omsorgssenter
Judabergvegen 3, 4160 Finnøy
Telefon: 51714751/51714755
 
Einingsleiar: Tone Amdal Skartveit
E-post: tas@finnoy.kommune.no
Ansvarleg Heidi Bleie Skeiseid. Sist endra 03.01.2017
 
Login for redigering