Vegadresser på 4163 Talgje

162 vegadresser med husnummer har postadresse 4163 Talgje. Gnr. 41 Gard: adr. til Talgjevegen, Gardsvågen og Gongstø. Gnr. 42 Meling: adr. til Talgjevegen; eit hus til Østabøkroken. Gnr. 43 Østabø: adr. til Talgjevegen, Østabøvegen, Østabøringen og Østabøkroken.

Ved å klikka på denne lenka, får du ei liste over vegadresser på Talgje, sortert etter gardnr. og bruksnr. Ver merksam på at det på ein del gards-/bruksnummer er meir enn ei vegadresse. Desse gjeld særleg gardsbruk der det er to eller fleire hus. Det gjeld også ofte seksjonerte hus.

Adresser på 4163 Talgje, innførte 1. oktober 2014 og 9. mars 2015:

 

Gardsvågen (14)

-frå Talgjevegen ved Jostein Gard sitt blomeutsal, sørover til Gardsvågen.

 

Gongstø (18)

-frå Talgjevegen rett aust for hurtigbåtkaien, nordover til byggjefelt.

 

Talgjevegen (68)

-fylkesveg 606 frå tunnelopninga på Østabø, austover i rundkøyringa, forbi barnehagen og kyrkja til hurtigbåtkaien. Mange stikkvegar er adresserte ut frå Talgjevegen, med partalsnummer på nordsida og oddetaksnummer på sørsida.

 

Østabøkroken (14)

-frå Østabøringen sideveg nordover, i det nye byggjefeltet på Østabø. Ei adresse ligg på Meling.

 

Østabøringen (40)

-frå Talgjevegen sørover litt aust for rundkøyringa. Ringvegen i det nye byggjefeltet på Østabø.

 

Østabøvegen (8)

-frå rundkøyringa, vestover og deretter sørover til kaien i Østabøvågen, ved Anker Gaard.

 

 

Hus og andre eigedommar på Talgje er omadresserte i to puljer, 1.okt.2014 og 9.mar.2015. Adresser med offentleg trafikk:

 

Talgje kyrkje, Talgjevegen 220, 4163 Talgje.

 

Talgje barnehage, Talgjevegen 171, 4163 Talgje.

 

Talgje bedehus, Talgjevegen 167, 4163 Talgje.

 

Anker Gaard, Østabøvegen 20, 4163 Talgje.

 

Venterommet på hurtigbåtkaien får adresse Talgjevegen 337.

 

Klikk på denne lenka for å få alle vegnamna og klikkbare husnummer (hittil 1182 stk.) i Finnøy kommune. Ein lettare måte å søkja fram ei bestemt adresse på, er å gå til www.norgeskart.no og skriva inn vegnamn og velja husnummer. (Trykk på denne lenkja.)

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 01.11.2016
 
Login for redigering