Varsel om oppstart av planarbeid - kommuneplan 2019-2029 samfunnsdelen og arealdelen

Judaberg - Klikk for stort bilete

 

 

Med heimel i plan- og bygningslovens §11-12 varslar FInnøy kommune om oppstart av planarbeid for Kommuneplan 2019-2029 samfunnsdelen og arealdelen.  

Planprogram for kommuneplanens samfunnsdel og areldel vert no lagd  ut til høyring og offentleg ettersyn.

 

I planprogrammet til kommuneplanen vert det gjort rede for planprosess, medverknadsstrategi, og særskilte fordypnings og kartleggingstema ved revisjonen av kommuneplanens samfunnsdel og arealdel.

 

Når det gjeld høyring på planprogrammet ønskjer me innspel  knytta til fordypningsområda som er framheva i eigne punkt i kapittel 6. I tillegg ønskjer me særskilt innspel til medverknadsprosessen som er skissert i kapittel 8 i planprogrammet.

 

Me tek sikte på å arbeide parallellt med areal og samfunnsdelen, og det er planlagd å gjennomføre dialogmøter, folkemøter, og workshops med aktuelle interessegrupper i løpet av 2018, og 1.gongsbehandling av kommuneplanen tidleg 2019.

 

Planprogrammet blei behandla i kommunestyret 26.04.2017 og vedtatt lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

 

Saksdokument og planprogram kan lesast her:
27042017 - planprogram høyringsutkast pdf (PDF, 637 kB)

 

Planprogrammet saman med saksdokumentet og vedtak frå kommunestyret vert og å finna på kommunen sine heimesider: www.finnoy.kommune.no

 

Høyringsfrist og kontaktopplysningar:
Merknadar til oppstart av planarbeid, og innspel til planprogram må sendast Finnøy kommune innan 14 juni 2017.

 

Me ber om at merknadar og innspel primært vert sendt digitalt på epost til: post@finnoy.kommune.no merk alle innspel med «planprogram»

 

Besøks og postadresse er Finnøy kommune, Judabergveien 6, 4160 Judaberg.

 

Spørsmål vedrørande varsel om planarbeid og planprogram kan rettast til kommunalsjef Hilde Gunn Bjelde telefon 40007424/51714700 eller på epost hilde.gunn.bjelde@finnoy.kommune.no

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 03.05.2017
Artikkel (1)
 
Login for redigering