Trafikksikkerheitsplan for nye Stavanger kommune 2020-2023 - planoppstart

trafikksikkerhetsplan-forside-2020-2023.png - Klikk for stort bilete

 

Innspel til korleis nye Stavanger kommune kan sikre trygge oppvekstvilkår og skulevegar for barn og unge? Stavanger kommune startar no med ny trafikksikkerheitsplan for 2020-2023. Planen skal styre kommunen sitt arbeid med trafikksikkerheit. Og du kan bidra med innspel om tiltak som du meiner kan forbetre trafikksikkerheita.

NB! Svar sendast direkte til Stavanger kommune 

  • helst direkte på sida for innspel (kartløysning)
  • eller på epost til postmottak.bmu@stavanger.kommune.no 

Svarfrist er 15.09.2019. 

 

Innspela vert fagleg vurdert. Dei som blir prioriterte vert teke med i det nye handlingsprogrammet. Det er viktig for kommunen å få mange gode innspel. Men ver klar over at ikkje alle kan bli prioriterte i denne omgangen.

 

Innspel om mindre tiltak kan du gi heile året

Innspel om mindre tiltak som ønske om skilt, fartshumpar, gangfelt etc. kan du leggje inn i eit elektronisk skjema. Desse mindre forslag blir behandla fortløpande, uavhengig av planarbeidet.

 

Meir informasjon finn du her

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 18.06.2019
 
Login for redigering