Tildeling av AGA-middel til næringsutvikling - søknadsfrist 1. mars 2018

Finnøy kommune utlyser no siste runde med AGA-middel. AGA-midla skal bidra til utvikling av nye prosjekt, gründerar og innovative løysinger i Finnøy.

Det er statlege pengar som skal kompensere visse distriktskommunar (i Rogaland er det berre Finnøy og Vindafjord) for bortfall av den tidlegare ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift. No er ordninga fasa ut og Finnøy kommune si tildelingsgruppe (ordførar og to representantar frå Finnøy næringsforeining) deler ut resten av pengane etter denne siste utlysinga.

 

Vi ønskjer næringsaktørar og gründerar med gode idear velkomne til å søkje.

 

Søknadsfrist er 1. mars 2018.

 

Bruk vedlagt søknadsskjema (DOCX, 13 kB)og send søknaden merka «AGA-middel» til

Finnøy kommune v/ Marit Magdalene Schweiker

Rådhuset, Judabergvegen 6

4160 Judaberg

eller på e-post post@finnoy.kommune.no

Sist endra 03.01.2018
 
Login for redigering