Søknad om utfylling i sjø ved Talgje kai

Inga og Terje Østebø søker om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomen 43/58 ved Talgje kai i Finnøy kommune.

Føremålet med utfyllinga er å tilretteleggje for framtidig sjøretta næring, slik som havbrukspark og annan maritimt retta næringsverksemd. Det er derfor søkt om utfylling av ca. 20 000 m3 lokale reine sprengsteinmassar i sjø, som vil dekkje eit sjøbotn areal på ca. 5700 m2.
 
Sjøbotnen i utfyllingsområdet består ifølgje søkar av fjell og grovare kornstorleik. Derfor er det ikkje tekne sedimentprøvar for å undersøkje grad av forureining, men i staden dokumentert med ei samling undervassfotografi. Det er ikkje planlagt nokre avbøtande tiltak for å hindre partikkelspreiing som følgje av arbeida.
 
Det ligger fleire viktige skjelsand- og tareskogførekomstar i 170-600 meters avstand, vest-nordvest, frå utfyllingsområdet av høg verdi. I eit eventuelt løyve kan det bli aktuelt å stilla krav til overvaking av partikkelspreiing med turbiditetsmålingar under utfyllingsarbeida, for å hindra skade på dei viktige naturtypane. Det vil også bli satt krav om internkontroll, verneplan, m.v.
 
Søknadsdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i Finnøy kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy, og på Fylkesmannen i Rogaland si internettside sjå her.
 
Uttaler frå interesserte sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 02.06.2017.
Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 12.05.2017
 
Login for redigering