Offentleg gjennomsyn: eigedomsskatt

Eigedomsskattetakst og utskriven eigedomsskatt for alle eigedommar i Finnøy kommune ligg frå 1. mars ute til offentleg gjennomsyn. Eigedomsskatten vert utskriven frå vedtak i Finnøy kommunestyre, sak 068/2006 om innføring av eigedomsskatt. 

På bakgrunn av Finnøy kommunestyre sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2017, sak KS-086/16, vedteke utskriven med 5 promille, og med heimel i Eigedomsskattelova §15, vert Skatteliste for Eigedomsskatt for Finnøy kommune lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 1. mars 2017 i  servicetorget på rådhuset og på finnoy.kommune.no.

 

Skattelista viser dei skattepliktige eigedomane med matrikkelnummer, eigedomsskattetakstane, skattetaksten og utrekna eigedomsskattebeløp.

 

Taksten utgjer grunnlaget for utskriving av eigedomsskatten for 2017.

 

Klage angåande fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i forbindelse med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg til Eigedomsskattekontoret, Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy eller post@finnoy.kommune.no innan seks veker frå 1. mars. 
Klagefrist: 12. april 2017.

Ansvarleg Helene M.Ohm. Sist endra 09.03.2017
 
Login for redigering