Ny høyring - reguleringsplan - Rosenvold - Judaberg - GNR 25 BNR 17 m.fl. - 107-2014

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 er detaljregulering Rosenvold - Judaberg - planID-107-2014_ROSEN, gnr. 25 bnr. 17 mfl. med dette sendt på ny høyring grunnen endringar i plankartet og føresegner som følgje av merknadar og innvendingar frå høyringspartar.

 

Planen  har vore på høyring tidlegare etter 1.gongshandsaming i Forvaltningsstyret (FOR-066/16) i perioden 15.08.16 – 26.09.16.

 

Vilkår satt av Forvaltningsstyret  sitt vedtak FOR-066/16 vert tatt med:

  • Nytt bygningsmiljø har ein tydelegare tilpassing til landskapet og tydelegare referanse til Rosenvold-huset, særleg på tomtene 3 og 5.
  • TG sokkel satt til +2,4 m på tomt 3.
  • Uteopphaldsarealar til alle tomter er revidert, grønt område auka.
  • Eigedomsgrense mellom 25/120 og 25/122 satt i samsvar med eigedomsgrenser i FKB-DEK.
  • Sikra sykkelveg forbindelse frå f_L og inn på veg o_KV2 med føresett felles bruk av  f_G for både gåande og syklande.
  • O_G1 tatt ut for å sikre større primære tomteareal for 25/45 (BK3) og delvis tomtene 25/40+25/29 (BK4).

 

Endringar som følgje av merknadar motteke under første Høyring og Offentleg ettersyn etter 1.gongsbehandling:

 

Statens Vegvesen

  • innvending ang. o_TB er løyst med at den vert tatt ut av planen, ifølgje anbefaling frå Vegvesenet.
  • Innvending ang. byggegrensen mot regulert veg løyst med å leggje inn eit grøntområde f_GR langs vegen.

 

Fylkesmannen i Rogaland

  • Merknad om trafikksikring av Leikeareal. Det er sikra via føresegnene og f_GR som kan regnast som eit tilleggsbuffer mot den planlagde vegen.
  • Merknad om sykkelparkering er tatt med i føresegnene.

 

Fylkesrådmannen regionalplan

  • Merknad om Trasé for gangveg i aust o_G1: går ut.
  • Merknad om parkering: foreslåast i bygningens sokkeletasje for å skape gode uteareala internt i planområdet.

 

Fylkesrådmannen kulturavdelinga

  • Merknad om automatisk freda kulturminne: vist på kart og tatt med i føresegnene.

 

Miljørettet helsevern

  • Merknadene dekkes i underliggjande / anna regelverkved søknad om igangsetjing. Utforming av leikeplass tydeleggjort i føresegner.

 

Naboar

  • Tomteareal: i samsvar med overordna arealplan.
  • Busetnad til nabogrensa: justert.
  • Høgder og utnytting: i samsvar med utnytting i tilsvarande områder og krav i overordna plan
  • Maks tillate utnytting gjeld heile B 16. Byggjeområde er redusert og grøntområde er auka etter ettersyn.
  • Utanfor planområdet vert utsikta ivareteke på ein så god som mogleg måte ved at åtkomsten til bustadene er frå internvegen på nedsida av bygningane, noko som gir føringar for maksimal høgdeplassering av bygningane.

 

 

rosenvold.jpg - Klikk for stort bilete

 

Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Formålet med planarbeidet er nye bustadar med tilhøyrande anlegg. Forslaget legg til rette for til saman 15 bueiningar.

Høyring vert gjennomført i perioden 28.03.2017 – 17.04.2017 (utsatt frist til 20.04.2017).

 

 

 

Saksbehandlar svarer gjerne på spørsmål.

 

Merknadar til det endra planforslaget kan sendast til post@finnoy.kommune.no innan 20.04.2017 (utsatt frå 17.04.2017 til 20.04.2017), merk med «Ny høyring Detaljregulering Rosenvold».

 

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 10.04.2017
 
Login for redigering