Ny høyring – åtte vegnamn på 4164 Fogn, og eit vegnamn på 4168 Byre

Desse ni forslaga til vegnamn er lagt på høyring i formannskapssak FSK-016/19 den 21.02.2019, med høyringsfrist 28. mars:

 

øy

kartref.

høyringsforslag

høyring november-januar

Byre

 

Lauvåsvegen

endra frå Byremyrvegen

Fogn

A

Fognavegen (saman med C)

endra frå Gjellarvikvegen

Fogn

B

Vestre Fognavegen

endra frå Varlandsvegen

Fogn

C

Fognavegen (saman med A)

endra frå Runastadvegen

Fogn

E2

Fjellberg

Ikkje med på førre høyring

Fogn

H

Hålevågen

endra frå Søre Eidsvåg

Fogn

1

Runastadvegen

endra frå Utstøvegen

Fogn

2

Nedre Varenesvegen

oppdelt adresseparsell

Fogn

3

Øvre Varenesvegen

oppdelt adresseparsell

 

Sjå kart over Byre og Fogn nedst i artikkelen.

 

 

Høyringsframlegget er i utgangspunktet utarbeidd av ei vegnamnsnemnd oppnemnd av formannskapet: Jogeir Aartun (leiar), Regine Ådland (nestleiar), Øystein Sandanger, Rolf Magne Eike, Else Norheim, Kolbjørn Ladstein og Erling Bleie. Denne andre gongs høyringa er justert etter høyringssvar og behandling i formannskapet.

 

Alle som ønskjer det, kan gje høyringssvar til eit eller fleire av dei føreslegne vegnamna/ adresseparsellnamna. Det går an å fremja alternative forslag til namn, gje støtte til dei vegnamna som er føreslegne, eller eventuelt kan ein gje beskjed dersom det er noko ein meiner absolutt ikkje passar.

 

Høyringssvar kan merkast «18/401» og sendast til Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy; leverast på rådhuset, eller sendast med epost til post@finnoy.kommune.no merka «18/401». Høyringsfrist: 28. mars 2019.

 

Grunngjev gjerne forslaget/forslaga, og oppgje om du har spesiell tilknyting til staden eller området.

 

Ein gjer merksam på at vegnamna ikkje kan vera like eller nesten like eksisterande gate-/vegnamn i Stavanger, i Rennesøy, eller i Finnøy.

 

Kart over Byre og Fogn

Byre.png - Klikk for stort bilete Fogn.png - Klikk for stort bilete

 

 

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 22.02.2019
 
Login for redigering