Namnesak på Halsne/Halsnøy/Halsnøya og på Nord-Hidle

Kartverket gjorde den 20.07.1994 vedtak om skrivemåten Halsnøya i Finnøy kommune, men vedtaket vart påklaga. Når det vert reist klagesak, vert saka gjennomført like eins som den første runden i namnesaka.

Kartverket sender med dette saka ut på lokal høyring i kommunen, jf. § 5 i lov om stadnamn. Kartverket beklagar at det har teke lang tid før saka blir sendt ut.

Saka gjeld fylgjande namn:

· Halsne (gard 87)

· Halsne (bruk 87/1, 87/3, 87/4, 87/5, 87/6, 87/8, 87/9, 87/10 og 87/16)

· Halsnesjøen/Norheim/Nordheim (bruk 87/13)

· Halsnøya/Halsne/Halsnøy (øy i sjø)

· Halsne ferjestø//Halsne ferjekai/ Halsnøy ferjekai (ferjekai)

· Halsnevika/Halsnesvika (vik i sjø)

· Halsnevikneset (nes i sjø)

 

 

Finnøy kommune har sendt høyringsbrev til matrikulerte eigarar av eigedommane dette gjeld, og til grendelaga. Høyringsbreva er offentlege, og dei er lenka til her. Etter at høyringsuttalene er henta inn og Statens Namnekonsulent har gjeve si tilråding, er det Fylkeskartsjefen i Rogaland som fattar dei endelege namnevedtaka.

 

Vedlegg (kan lastast opp i pdf-format:

1.Oppstart av klagesak 2017/455 – Halsnøya og Nordheim/Norheim i Finnøy kommune

2.Høyringsbrev. Ymse namn på Halsne(Halsnøy/Halsnøya

3.Høyringsbrev. Matrikkelgard Halsne

4.Høyringsbrev. Bruk Halsnesjøen/Norheim/Nordheim

5.Høyringsbrev. Naturnamn på Nord-Hidle. Halsnevika/Halsnesvika og Halsnevikneset

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 08.02.2018
 
Login for redigering