Kunngjering: Søknad om endring av akvakulturanlegg – Djupevik, Finnøy kommune

Marine Harvest Norway AS søkjer om løyve jf. akvakulturlova om biomasseutviding frå 4680 tonn MTB til 5460 tonn MTB, for lokalitet 10110 Djupevik i Finnøy kommune.

Eksisterande anlegg skal ikkje endrast. Konsesjonsbehandlinga blir føreteke av Rogaland Fylkeskommune, Næringsavdelinga. Kommunen er uttaleinstans etter plan- og bygningslova, til konsesjonssaka.

 

Søknadsdokumenta er å finne på Finnøy kommune si heimeside her.

 

Eventuelle merknadar eller innspel til søknaden skal sendast skriftleg til post@finnoy.kommune.no eller til Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, innan 27. juli 2018.

 

Spørsmål kan rettast til Marine Harvest Norway AS ved Ingrid Lundamo, tlf. 21562325 eller til Finnøy kommune, avd. plan og forvaltning, tlf. 51714700.  

Ansvarleg Linda Skartveit. Sist endra 18.06.2018
 
Login for redigering