Kunngjering: Søknad om anleggsendring. Lokalitet 18275 Kjeringå – Finnøy kommune

Eidesvik Laks AS søkjer om anleggsendring ved lokalitet 18275 Kjeringå, i samsvar med Lov om akvakultur av 17.06.2005 med forskrifter. 

Det vert søkt om å utvide lokaliteten med fire åttekanta stålbur, i nord-austre enden av anlegget, bytte ut eksisterande firkant 25 x 25 Prosean med eit åttekanta stålbur.  I tillegg skal eksisterande fórflåte byttast ut. Anlegget inkl. utviding ligg innafor område avsett til akvakultur i gjeldande kommuneplan. Søknaden gjeld ikkje utviding av MTB (maksimal total biomasse).

Eventuelle merknadar eller innspel til søknaden må sendast skriftleg til post@finnoy.kommune.no eller til Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, innan 05.01.18.

Spørsmål kan rettast til Eidesvik Laks AS ved Kristianna Maria Eidessvik, tlf. 53447800 eller til Finnøy kommune, avd. Plan og forvaltning, tlf. 51714700.

Ansvarleg Nils Petter Flesjå. Sist endra 29.11.2017
 
Login for redigering