Kunngjering - Søknad om anleggsendring, Djupevik

Marine Harvest Norway AS søkjer om anleggsendring ved lokalitet 10110 Djupevik, i samsvar med Lova om akvakultur av 17.06.2005 med forskrifter.

 

Eksisterande anlegg består av ein rammefortøyning med 2 rader á 3 rammebur, med 100 meters avstand mellom radene. Kvart rammebur er på 100x100 meter og søknaden inneber at rammene vert forlenga med eit rammebur i kvar rad. Finnøy kommune har tidlegare gitt dispensasjon frå kommuneplanen til omsøkt anleggsendring. Søknaden gjeld ikkje utviding av MTB (maksimal total biomasse).

 

Søknad med vedlegg er lagt ved til høgre.

 

Eventuelle merknadar eller innspel til søknaden må sendast skriftleg til post@finnoy.kommune.no eller til Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy innan 10.11.17.

 

Spørsmål kan rettast til Marine Harvest Norway AS ved Stein Thon Klem, tlf. 41031882 eller til Finnøy kommune, avd. plan og forvaltning, tlf. 51714700. 

Publisert av Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 10.10.2017
 
Login for redigering