Kunngjering om eigengodkjent detaljregulering Rosenvold GNR. 25 BNR. 17 M.FL.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vedtok Finnøy kommunestyre i møte 14.06.2017, sak nr. 048/17, å eigengodkjenne følgjande reguleringsplan:

 

Detaljreguleringsplan for Rosenvold Gnr. 25 Bnr. 17 m.fl., PlanID 107-2014_ROSEN.

 

Planen legg til rette for nye bustadar med tilhøyrande infrastruktur i Judaberg sentrum.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til departementet, med heimel i §§ 12-13 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. kap. VI i forvaltningslova. Ev. klage skal framsetjast skriftleg og sendast til Finnøy kommune, avd. for plan og forvaltning, 4160 Finnøy, innan 21.07.2017.

 

Ev. krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova si § 15-2 eller § 15-3 må framsetjast skriftleg innan 3 år frå dags dato.

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 26.06.2017
 
Login for redigering