Kunngjering – ny akvakulturlokalitet

Bremnes Seashore AS søkjer om klarering av ny akvakulturlokalitet Lyregrunnen, nord-vest for Finnøy i Finnøy kommune, iht. Lov om akvakultur av 17.06.2005 med forskrifter.

Lokaliteten består av to rekker med seks 100 x 100 meter rammefortøyingar og forflåte, med maksimal tillatt biomasse på 4 680 tonn. Arealet er avsett til akvakultur i gjeldande kommuneplan, vedteken 07.10.2019.

 

Søknaden med alle dokument finn du her.

 

Merknadar kan sendast til post@finnoy.kommune.no eller til Finnøy kommune, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, innan 09.12.2019.

Spørsmål kan rettast til Bremnes Seashore AS ved Geir Magne Knutsen, tlf. 91833233, eller til Finnøy kommune, avd. plan og forvaltning, tlf. 51714700.

Ansvarleg Linda Skartveit. Sist endra 01.11.2019
 
Login for redigering