KUNNGJERING - EIGENGODKJENT DETALJREGULERING FOR GANG- OG SYKKELVEG FV. 519 JUDABERG-NÅDÅ

Kunngjering av eigengodkjent reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vedtok Finnøy kommunestyre i møte 25.04.2018, sak nr. 016/339, å eigengodkjenne følgjande reguleringsplan:

 

Detaljregulering for gang- og sykkelveg langs fv. 519 Judaberg-Nådå

 

Planen legg til rette for trafikksikker ferdsel for mjuke trafikantar. Gang- og sykkelvegen skal bidra til at fleire mjuke trafikantar kan ferdast på ein trafikksikker måte. Veganlegget skal i tillegg bidra til betre framkommelighet og trafikktryggleik for køyretøy og mjuke trafikantar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til departementet, med heimel i §§ 12-13 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. kap. VI i forvaltningslova. Ev. klage skal framsetjast skriftleg og sendast til Finnøy kommune, avd. for plan og forvaltning, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, innan 08.06.2018.

 

Ev. krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova si § 15-2 eller § 15-3 må framsetjast skriftleg innan 3 år frå dags dato.

Føresegner finn du her (PDF, 130 kB), oversiktskart her (JPG, 2 MB) og plankart her (PDF, 5 MB).

Ansvarleg Linda Skartveit. Sist endra 14.05.2018
 
Login for redigering