Innføring av vegadresser og husnummer - generell informasjon

 

Finnøy kommunestyre gjorde i 2010 prinsippvedtak om at vegadresser med husnummer skal innførast i heile kommunen. Samstundes blei det vedteke at dette arbeidet skulle starta med dei landfaste øyane Finnøy og Talgje. I 2011 og 2012 vedtok kommunestyret vegnamn for desse øyane, etter ein prosess der ei vegnamnsnemnd la fram innstilling, formannskapet la forslag ut på open høyring, og kommunestyret vedtok vegnamna etter at endringsforslaga var vurderte.

Husnummera blir tildelte av matrikkelansvarleg. 1.oktober 2014 får dei fleste på Talgje nye vegadresser med husnummer. Utover hausten held dette omadresseringsarbeidet fram på Finnøy.

Arbeidet med adressetildeling er regulert av  Matrikkellova § 21 med tilhøyrande forskrift, Matrikkelforskrifta kap 12.

 

Kvifor vegadresser?

Alle bygningar som blir nytta til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd, offentleg verksemd og anna verksemd som tener eit større publikum skal ha eigne adressenummer.

Bruk av vegadresser gjer det enklare å finna fram både for utrykningskjøretøy og andre som ikkje er lokalkjende. Bruk av GPS føreset at vegane har namn og at adressenummer er tildelt. Adressa skal også tena som stadfestingsobjekt og nøkkel til aktuell informasjon i private og offentlege register og arkiv.

 

Prinsippa for tildeling av husnummer/adressenummer er dei same i heile landet:

Bygningen skal tildelast adressenummer til den vegen som er godkjent som tilkomst.

På venstre side, sett frå startpunktet på vegen, blir det tildelt partal (2,4,6..), medan det på høgre side blir tildelt oddetal (1,3,5..).

I område med spreidd busetnad blir adressenummer tildelt etter avstandsprinsippet. Det vil seia at adressenummer blir tildelt etter kor langt adressa ligg frå starten på vegen. Ein avstand på 430 meter gir adressenummer 43 dersom adressa ligg på høgre sida av vegen, eventuelt 42 eller 44 dersom adressa ligg på venstre sida av vegen. Nummereringa hopper opp med hundre for kvar heile kilometer frå startpunktet.

 

Bygningar langs mindre sidevegar blir adresserte frå hovudvegen. Då blir avstanden rekna frå der sidevegen tek av frå hovudvegen.

Der sidevegen tek av på venstre side av hovudvegen, vil det bli tildelt partal til alle adresseeiningane på sidevegen. Nummereringa vil følgja kanten av sidevegen med stigande nummer.

Der sidevegen tek av på høgre side av hovudvegen vil det bli tildelt oddetal til alle adresseeiningane på sidevegen. Nummereringa vil følgja kanten av sidevegen med stigande nummer.

 

Kommunen sine oppgåver ved adressetildeling:

  • vedta namn og tildeler adressenummer
  • senda melding til eigar, eventuelt registrert festar
  • registrera ny adresse i matrikkelen (eigedomsregisteret) og informerer Posten
  • setja opp vegnamnskilt og eventuelle tilvisningsskilt ved sidevegar der bygningen ikkje er synleg frå hovudvegen

 

Eigaren og eventuelt registrert festar sine oppgåver i samband med ny vegadresse:

  • Kjøpa og setja opp husnummerskilt. Det er eigar/festar sitt ansvar å merka byningen/eigedomen med husnummerskilt. Skiltet skal plasserast synleg frå hovudveg/tilkomstveg.
  • Informera private kontaktar om den nye adressa.
  • Posten har laga ei enkel løysing slik at du raskt kan informera kontaktane dine om den nye adressa. Sjå posten.no/meld-riktig-adresse . Dersom du har spørsmål til Posten kan du kontakte kundeservice på telefon 04004 eller internett posten.nomin-side-adresse kan du kontrollere om Posten har registrert den rette postadressa di og evetuelt endre denne sjølv.
  • Orientera eventuelle leigetakar.
  • Senda flyttemelding til folkeregisteret med melding om personar som ikkje allereie er registrerte på den gamle matrikkeladress. Her finn du Skjema for flyttemelding til folkeregisteret. Det er den einskilde bebuar/leigetakar som må kontrollera at han /ho er oppført på rett adresse i folkeregistret. Dei som står oppført på feil adresse, må sjølve melda frå om dette til folkeregistret.

MERK: Det er den einskilde bebuar/leigetakar som må kontrollera at han /ho er oppført på rett adresse i folkeregistret. Dei som står oppført på feil adresse, må sjølve melda frå om dette til folkeregistret.

Det er tilrådd å nytta kvite reflekterande nummerskilt med svart påtrykk og svart ramme som saman med synbar plassering gjer det lett å finna fram for ukjende.

 

Eksempel på husnummerskilt med 2 siffer kan du sjå i Kartverket sin adresseveileder

Husnummerskilt kan kjøpast via internett. Ved å bruka søkeord 'husnummerskilt' i eit nettsøk, vil det koma opp fleire forhandlarar. Jernvarebutikkar forhandlar også husnummerskilt. Ved kjøp av eit eller to skilt på internett, ver merksam på at nokre leverandørar leverer fraktfritt, medan andre tek betalt for utsendinga.

Husnummerskilta er siste ledd i vegvisingskjeda. Det er viktig at hus er nummerert, og skilta må plasserast der trafikantane ventar å finne dei. Skiltet bør derfor vere plassert godt synleg ved port eller inngangsdør. Tilrådd plasserering er i ei høgd på 2,5 meter frå bakkenivå, og til høgre for inngangsdøra.

 

Adressetilleggsnamn:

 

Av  matrikkelforskrifta §54 første ledd går det fram at eigar av gardsbruk kan søka kommunen om å få garden sitt bruksnamn som tillegg til den offisielle vegadressa.

Meir informasjon om adressetilleggsnamn finn du på nettsida til Kartverket eller ved å venda deg til kommunen.

 

 

Publisert av Jonas Jørstad. Sist endra 29.10.2014
 
Login for redigering