Holmastø Nord, Fogn – reforhandla utbyggingsavtale – kunngjering og offentleg ettersyn

Iht. plan- og bygningslova §17-4 vert det med dette kunngjort at  utbyggingsavtale mellom Finnøy kommune og Holmastø AS vert reforhandla. Utbyggingsavtalen er godkjent i kommunestyret 20.06.2018, KST-sak 028/18, og gjeld utbygging av området Holmastø Nord (reguleringsplan vedteken i kommunestyret 27.09.2011, planID 085_2011). Reforhandla forslag til utbyggingsavtale vert lagt ut til offentleg ettersyn.

 

Avtalen omfatter kommunalt kjøp av tomter og skal sikre gjennomføring av regulert bustadfelt på Holmastø Nord. Reforhandling av avtale gjeld frist for overtaking av tomter.

 

Spørsmål kan rettast til:
post@finnoy.kommune.no eller

Finnøy kommune, Plan og forvaltning, Judabergvegen 6, 4160 Finnøy, tlf. 51714700.

Frist for å kome med merknadar: 9. desember 2019.

 Utbyggingsavtale kan lastast ned her (PDF, 209 kB).

Publisert av Marit Magdalene Schweiker. Sist endra 01.11.2019
 
Login for redigering