GNR 28 BNR 1 - mindre endring - 078-2010 Vika-Nåden - kunngjering

Vi viser til handsaming datert 30.05.2017.

 

Forvaltningsstyret- 052/17, har gjort følgjande vedtak i saka:

I tråd med Plan- og bygningslova § 12-12 gjer Forvaltningsstyret i Finnøy endeleg vedtak av mindre endring for detaljregulering for GNR 28 BNR 1 – Vika Nåden – Finnøy. Plankart og føresegner er sist datert 10.05.17.

Planen legg til rette for at bustadområde B6 får ei betre plassering med omsyn til terrengavgrensingar og tilgrensande kulturminne (id 126900). I høve til vegtraseen er det snakk om mindre justering av plankart jf, vedtak i KS 026/10 for å tilpassa dagens terrengforhold.

 

Forvaltningsstyret sitt vedtak kan klagast på til departementet, med heimel i §§ 12-13 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. kap. VI i forvaltningslova. Ev. klage skal framsetjast skriftleg og sendast til Finnøy kommune, avd. for plan og forvaltning, 4160 Finnøy, innan 22.07.2017.

 

Ev. krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova si § 15-2 eller § 15-3 må framsetjast skriftleg innan 3 år frå dags dato.

 

Vedlegg:

1. GNR 28 BNR 1 - planbeskrivelse (PDF, 786 kB)

2. GNR 28 BNR 1 - mindre endring - 078-2010 Vika-Nåden - endeleg godkjenning (PDF, 2 MB)

3. 078-2010_VIKAN_ME-Plankart_A3-10-05-2017. (PDF, 510 kB)

4. 078-2010_VIKAN_ME-Føresegner_10.05.2017 (PDF, 297 kB)

Ansvarleg Hilde Gunn Bjelde. Sist endra 13.06.2017
 
Login for redigering